Totalt fire entreprenørar hadde levert inn tilbod då Statens vegvesen opna tilboda for ein drøy månad sidan.
AF Gruppen Norge AS var lågast med 878,2 millionar kr. No er tilboda kontrollrekna og valet av entreprenør gjort.
- Pris var ein avgjerande faktor, seier prosjektleiar Rune Sandven, som understrekar at dei andre entreprenørane har ein klagefrist på 14 dagar.
Kontrakten med AF Gruppen blir underskrive i løpet av eller like etter sommaren. Deretter kan anleggsarbeidet starte.
Denne kontrakten gjeld den første og største av totalt fem entreprisar i prosjektet. Den inkluderer bygging av ca. 4,5 kilometer veg i dag og til saman 8,9 kilometer med undersjøiske tunnelar. Planane er basert på ei heilt ny løysing for knutepunktet på Fosen. Rundkøyring på Fosen er lagt inne i fjellet, ca. 60 m under havnivå (130 m under terrengnivå). Stigningane frå Karmsundet og Førresfjorden er dermed redusert til ca. 5 %. Ny tilløpstunnel frå rundkøyring og nordover har ei stigning på 6 %, melder Statens vegvesen.
Get the Youtube Favortie Player widget and many other great free widgets at Widgetbox! Not seeing a widget? (More info)
Varsel fra yr.no